Hadde nett stått opp, og berre fått i meg ein liten frukost, so eg hadde ikkje noke forventningar i dag. Det gjekk heilt greit etter forholda.
Klarte ikkje siste repetisjonen på knebøy, så det blei berre 7 reps der. Det var faktisk ikkje så tungt, men litt vanskeleg å løfta når eg ikkje har prøvd so mykje vekter før. Klarer nok lett 8 reps neste gang

Frontbøyen var tung, men det gjekk fint. Kjente ingenting i korsryggen sjølv om eg var ganske støl etter markløft på torsdag. Resten gjekk veldig greit. Klarer ein del meir på strake markløft. Blir nok 95 neste trening.